Fra Miljolare.no /Kilde: Anders Frøstrup: Rehabilitering. Konstruksjoner i tre. Universitetsforlaget 1993:
Funksjonalisme 1930 –
Funksjonalismen tok eit kraftig oppgjer med arkitekturen og dekoren i samtida og det ein oppfatta som manglande samanheng mellom form og funksjon. Bygningane skulle først og fremst vere funksjonelle, og formgjevinga skulle ta utgangspunkt i bruksbehovet til dei som budde i husa, og ikkje i stilideal. Tronge husvære og dårleg hygiene hadde mange stader vore eit problem, og ein ville no ha bustader med rikeleg lys og luft. Ei opnare planløysing var idealet. Oppfatninga under funksjonalismen var at ei funksjonell form er ei vakker form.
Formspråket i funksjonalismen var radikalt nytt og enkelt, og det var inspirert av det relativt nye materialet armert betong. Nye konstruksjonsmåtar gjorde det mogleg å byggje slik at ytterveggen ikkje vart berande, og at vindauga kunne setjast inn kvar som helst i veggen. Eit resultat av dette var dei karakteristiske vindaugsbanda med vindauge tett inntil kvarandre og det svært typiske hjørnevindauget.
Likevel vart dei fleste bustadhusa i denne perioden framleis bygde i tre. Det vart bygd panelte reisverkshus med valma eller flate tak, store vindaugsflater utan sprosser, vindaugsband og ei kubistisk samanstilling av volum og flater. Runde balkongar og sirkelrunde vindauge vart særmerke i tida.
Viktige kjenneteikn
- Planløysing
- Listverk utan profil
- Vindaugstype eller lysinnslepp
- Knappe detaljar og takutspring
Byggmesterfunkis fra 1930/1940 tallet. Kilde: Anders Frøstrup: Rehabilitering. Konstruksjoner i tre. Universitetsforlaget 1993.



















.jpg)



























